Gode resultat for KV på NKK Bergen

Gode resultat for KV på NKK Bergen

Det vart mange og gode resultat for KV på NKK Bergen forrige helg.

Rugdelias VLV Lucius (øverst) til Anne Grete Langeland vart Best i Rasen (BIR) med CACIB og var dermed klar til å konkurrere med dei andre i gruppe 7 (Ståande fuglehund) som hadde oppnådd BIR. Med ny førar, Anne Linn Troland, gjekk det riktig bra. Han vart plassert som nummer 3 (3BIG)! Det er hard konkurranse i gruppefinalen på ei NKK-utstilling så dette var svært gledeleg!

Rugdelias ZAE Livia, eier: Anne Grete Langeland, foto: Mette Eknes
Rugdelias ZAE Livia

Rugdelias ZAE Livia debuterte og det gjekk og riktig bra: Exc JK 1JKK CK 1BTK BIM (Best i Motsatt kjønn) kun 10 månader gammal!

Rugdelias UAF Maddi til Henrik Lahn Johannessen fekk Exc. AK, 1AKK, CK, 2.BTK, CACIB!!

Hågakollens Frøya fekk Exc.AK, 2AKK med CK og resCACIB! Ho vart 3. beste tispe.

Hågakollens Dingo til Øistein Strømme fekk Exc.BK, 1BKK, 2. beste hannhund med CK, CERT og resCACIB!!  

Hågakollen´s Dingo
Hågakollen´s Dingo

 

Livias kullbror, Rugdelias ZAE Fønix til Anne Linn Troland og Fredrik Hoff var og debutant. Han gjorde det og veldig bra, trass sin unge alder: Exc. JK, 1JKK, CK, 3. beste hannhund. Kun slått av Lucius og Dingo.

Stort grattis til alle saman frå NVK Hordaland!