Panzer har klart 4 premieringar på 2 helger

Panzer har klart 4 premieringar på 2 helger

Tidlegare i september tok Panzer og Bjørn Årskaug både 1.AK og 2.AK same helg i Kautokeino.

Denne helga på skogsfuglprøven på Stord gjentok dei bedrifta med 100 prosent premiering på to prøvestartar.

Lørdag i vanskelege forhold vart det ein ny 2.AK og søndag fekk Panzer 3.AK. Det var kun 3 hundar som fekk premie lørdagen og 5 søndagen, og av desse var det to vorstehere som fekk premie begge dagane: Panzer og N UCH Rugdelias Vlv Lucius til Anne Grete Langeland (1.AK og 2.AK, les meir i eigen artikkel).

Dette er sterkt gjort og det viser kor god viltfinnar Panzer er og for eit godt team han og eigar/førar Bjørn Årskaug er.

Me er imponerte og gratulerer Bjørn og Panzer så masse!