Mange og flotte premiar på Mjølfjell

Mange og flotte premiar på Mjølfjell

Hordalandshundane henta heim heile 3xVK-premiar, 1x1UK, 4x2UK og 1x3AK i helga.

NV-17 NJV-17 DKJV-17 ZAE Livia (Rugdelias Qlm L’aquila / Everest v.d Stroomdrift) fekk seg ein flott  2. UK  etter at eigar og oppdrettar, Anne Grete Langeland trossa alle råd og drog ut i fjellet med gips på knekt håndledd og brist i brystbein etter Kickbike-krasj for 10 dager siden. Ho rapporterer om at ho er mørbanka etter turen, men veldig glad for at det resulterte i premie!

 

Fleire som fekk premierte hundar på Mjølfjell denne helga er:

Kjell Stavelands Pladsfjellets Teo fekk 2 x 2 UK på Mjølfjell.

Suldølen’s AES Meister til Kyrre Haugen fekk ny premie på Mjølfjell. denne gongen vart det ein fin 3 AK.

I tillegg til desse fekk Terje Tørnblom og Pladsfjellets Fryd 1x2UK og 1x1UK, Robert Brenden og Sognexpressens Nikita oppnådde 2VK kvalifisering og 3VK Finale, mens Aksel Mowatt-Larsen og Balto fekk 2VK kvalifisering. Les eigne artiklar om desse.

NVK Hordaland er stolte av alle saman og gratulerer så masse!!