Rapport frå medlemsmøte og årsmøtet i NVK Hordaland

Rapport frå medlemsmøte og årsmøtet i NVK Hordaland

Litt sent. Beklagar det, men her kjem ein kort rapport frå årsmøtet i NVK Hordaland.

Årsmøtet vart avholdt 22. januar.

I forkant av årsmøtet heldt Astrid Weider Ellefsen foredraget: “Belønningsbasert fuglehundtrening”. Det var godt oppmøte og Astrid heldt eit flott og interessant foredrag om korleis ho trener sine fuglehundar. Etter foredraget demonstrerte ho litt av det ho hadde fortald oss om ved hjelp av Gordon Setter kvalpen Sansa til Geir Engebretsen og sin eigen Engelsk Setter Neon.Undervegs fekk folk komme med spørsmål som Astrid svarte på. Tusen takk for at du kom og gjorde dette for oss, Astrid. Alltd like interessant og inspirerande å høyre på deg!

 

   

       

På årsmøtet etterpå vart dei vanlege årsmøtesakene gjennomgått. Det var ingen innkomne forslag, men styret informerte litt om planar for aktivitetar framover. Askøprøven vil bli arrangert i juni og på Vestlandets Fuglehundfestival siste helga i mai, er det NVK Hordaland som er ansvarleg for utstillinga søndagen. Ellers står to samlingar på Hardangervidda på programmet i tillegg til medlemsmøter, kurs og treningar. Det vil bli nærmare informasjon om dei ulike aktivitetane når alt er klart. Først ut er Medlemsmøte 2. april med tema Hundekjøring.

Til slutt på årsmøtet vart valget gjennomført og det nye styret er:

Mette Eknes, ledar  (gjenvalg, 1 år)

Anne Karine Midtbø, nestledar (1 år igjen)

Øistein Strømme, kasserar (gjenvalg, 2 år)

Kari Skålevik, styremedlem (1 år igjen)

Kjersti Follesøy, styremedlem (gjenvalg, 2 år)

Terje Tørnblom, styremedlem (inn for Ole Torrissens siste år)

Anne Grete Langelan, varamedlem (Ny, 1 år)

Revisor: Richard Koester (ny, 1 år)

Vararevisor: Mira Donovan (ny, 1 år)

Valgkomité:

Endre Gunnar Bergesen (ny, 3 år)

Børe Follesøy (2 år igjen)

Tommy Bjerke (1 år igjen)

Etter valget vart årets hundar lest opp og eigarane som var tilstades på møtet fekk jubileumskoppar (sjå eigen artikkel). Det har blitt bestemt at en ikkje lenger deler ut vandrepokalar men at årets hundar heretter vil få eit ingravert krus eller glass til odel og eige. Dei som vann i år vil få desse tildelt i ettertid på grunn av at dei ikkje var klare til årsmøtet. Oversikt over årets hundar for dei ulike åra skal få ein plass her på websida.