Då er årsmøtet 2019 i NVK Hordaland vel gjennomført.
I år var det ikkje noko foredrag i forkant av møtet og det var eit forferdeleg vær, så mulig derfor me ikkje var så mange i år som i fjor. Dei som møtte var ein positiv gjeng og me hadde ei koseleg stund. Det var veldig kjekt at ein som er heilt ny i klubben kom. Gledeleg var det, og, at Jon Fosse er i gang med ny hund og at han og hans nye hjerteknusar frå Kennel Fjellfanten, kom! Denne gongen var me på Folkets Hus på Askøy. Børge og Kjersti Follesøy rigga til og ordna med bevertninga som i år, som i fjor, var pizza.
God stemningÅrsmøtesakene vart gjennomført på vanleg måte med mellom anna opplesing av årsmeldinga og gjennomgang av regnakapet. Valgkomitéen stod for valget av nytt styre, revisorar og valgkomité.
Det nye styret, revisorar og valgkomité for 2020 er:
Styret:
- Leder: Mette Eknes (1 år, gjenvalg)
- Styremedlemmer: Anne Karine Midtbø (2 år gjenvalg)
- Styremedlem: Øistein Strømme (1 år igjen)
- Styremedlem: Kari Skålevik (2 år, gjenvalg)
- Styremedlem: Kjersti Follesøy (1 år igjen)
- Styremedlem: Anne Grete Langeland (2 år, ny)
Revisorar:
- Revisor: Richard Koester (1 år, gjenvalg)
- Vara revisor: Mira Donovan (1 år, gjenvalg)
Valgkomite:
- Medlem: Lorenzo Wiese Hansen (3 år, ny)
- Medlem: Endre Gunnar Bergesen (2 år igjen)
- Medlem: Børge Follesøy (1 år igjen)
Etter valget var det tid for innkomne saker. Ei av saken i år, gjaldt eit eventuelt navnebytte. Sogn og Fjordane vart innlemma i NVK Hordaland for nokre år sidan og sidan fylkene Hordaland og Sogn og Fjordane no er historie og har blitt slått saman til Vestland, var spørsmålet til årsmøtet om dei var enige med styret i at NVK Hordaland skifter navn til NVK Vestland. Forslaget vart einstemmig vedtatt av Årsmøtet. Styret vil derfor sjå til at dette blir gjennomført.
Årets hundar 2019 er:
NORD V-18 NJV-18 Sølvrabbens Aaa Apollo til Vibeke Dale Oen
Årets Mest Fremgangsrike tidl. upremierte
NORD V-18 NJV-18 Sølvrabbens Aaa Apollo til Vibeke Dale Oen
Årets Allround:
NORD V-18 NJV-18 Sølvrabbens Aaa Apollo til Vibeke Dale Oen
Messalinas Vandreskjold:
C.I.B. N SE DK NOR Nordic UCH DKJV-17 NJV-17 NV-17-18 Rugdelias Zae Livia til Anne Grete Langeland
- Askøyprøven som blir avhokdt 20. – 21. juni
- Saueavenning frå og med mai
- Apporttreningar i forkant av Askøyprøven
- Fellestreningar der ein trener på grunnleggjande øvelsar som t.d. innkalling, passering, fri ved foten, sitt med ulike forstyrrelsar, ro i oppflukt, ringtrening m.m.
- Hundefotografering
- Medlemsmøter med aktuelle tema
- Kurs med ekstern instruktør
- Match Show
Håpar dette virkar interresant og at de får lyst til å bli med på å bidra til å bygge opp eit godt trenings- og sosialt miljø og få til ein aktiv og attraktiv klubb!