Flott debut på fuglehundprøve

Flott debut på fuglehundprøve

Vibeke Dale Oen debuterte saman med sin Apollo på Mjølfjellprøven i helga.

Det gjekk veldig fint. Sølvrappen´s Apollo har frå før gjort det godt på utstilling og innehar titlande Nordisk Junior Vinnar 2018 og Norsk Junior vinnar 2018 (NORD JV-18 og NJV-18).

No har han og fått sin første jakpremiering: ein flott 2UK !!

Apollo er trent på motivasjon, mestring, positiv innlæring og samarbeid og Vibeke er naturleg nok stolt over han og det dei har oppnådd, og det er me, og.

Det kjem nok fleire rapportar om premieringar frå desse to, tenkjer eg. Me gratulerer Vibeke og Apollo så masse og ønskjer lykke til vidare!!