Rapport frå Landssamlinga 2018

Rapport frå Landssamlinga 2018

Då er Landssamlinga over og no gjenstår evaluering og etterarbeid.

Det har vore mykje arbeid og planlegging i forkant, men trur me kan sei det vart ei bra samling. Det er alltid ting som skjer undervegs som ein ikkje har tenkt på, eller som plutseleg ikkje går som ein hadde tenkt, men med litt positiv innstilling og smidighet, pleier det meste ordne seg.

Me hadde hovedkvarter på Os vidaregåande skule, og det fungerte godt. Og ikkje minst, det vart nydeleg ver, så alle kunne kose se ute, og nyte sola.

NVK Buskerud stod for apportprøven lørdagen saman med hjelparar frå Hordaland. Det var litt skuffande få hundar påmeldt på denne, men det skuldast nok at det enno er tidleg i sesongen, og at ikkje alle har hatt mulighet for å trene på vannapport enno.

Kvaliteten på ekvipasjane som deltok, var det derimot ikkje noko å sei på. Det vart delt ut åtte premiar, og av desse var fire 1. premiar, deriblant ein med full pott. Det var tre som fekk 2. prem,ie og ein som fekk 3. premie.

Klikk på bildene for større versjoner!

Øistein og Dingo oppnådde 1AK med 30 poeng!! Her med dommar Anders Simensrud og prøveleder Arild Walter Hansen.

Forutan apportprøve og utstilling var det mulighet for å delta på skytekonkurranse. Vinnar av denne var Hans Nordnæs med 20 treff. Anders Lunde og Kjell Stavedal vart henholdsvis nummer 2 og 3. Det var dessverre ingen som deltok i dameklassen.

Hans Nordnæs mottar 1. premien av Anne Karine Midtbø.

På lørdags ettermiddag var det hovedstyrets og avlsrådets time. Det var godt oppmøte og interessant å høyre kva dei jobbar med, og er opptatt av, for å fremme og stadig gjere rasane våre betre.

Anders Simensrud informerer om sakene hovedstyret jobbar med.

Søndags kveld var det festmiddag, og det vart holdt talar og utdelt gaver og blomster til Hordalands-gruppas ledar i anledning 40-års jubiléet. Ein stor takk til NVK Oslo Akershus,  NVK Buskerud, Anders Simensrud og Vestlandets Fuglehund Klubb (VFK) ved Svein Tennebekk for dette.

Sidan pinsesamlinga tross alt var i regionen til Veslandets hovedstad i år, opna me middagen med å syngje «Nystemten», og alle stod og sang med. Trur det skapte god stemning, og at folk koste seg. Maten var utmerka, og den var det kjøkkenpersonalet på Os vidaregåande som stod for. Anne Grete Langeland hadde laga sang som hylla den flotte rasen vorstehhund e,r og den sang alle med på.

Etter at alle hadde fått ete, drukke og kost seg saman, heldt Tore Kallekleiv foredraget «Frå Kvam Vorstehhund Klubb til trippel NM-vinnar». Der fortalde han om historikken til Hordalands-gruppa, og om korleis ein trente hund på den tida. Ein la f.eks. mest vekt på sporabeid og apport, og ikkje så mykje på at hunden skulle bli god på å bruke vind og søkje på overver for å finne fugl for oss, før skuddet på jakta, i tillegg til å apportere. Tore nemnde og opp alle ledarane som har vore for gruppa gjennom tidene, og dei som var på middagen måtte reise seg mens Tore presenterte kvar og ein, og kva dei har bidratt med for klubben. Det var interessant og kjekt å høyre på deg, Tore. Tusen takk!

Tore Kallekleiv støtter eit av sine barnebarn i Barn og Hund.

Tidlegare på dagen vart spesialutstillinga for våre rasar arrangert. Det var påmeldt 36 hundar, og dommar var Ing. Václav Vlasák frå Tsjekkia. Han er ein kapasitet på vorstehrasane, og dømmer både på store utstillingar og jaktprøvar i mange ulike land. Me var glade for at han takka ja til å komme og dømme hos oss, og fekk inntrykk av at han trivdes.

Dommar Ing. Václav Vlasák og utstillingsledar Lorenzo Wiese Hansen

Før utstillinga starta, var det opning av Lorenzo Wiese Hansen, og undertegna spelte fanfaren frå dagen før igjen. Deretter var det hannhundskue leia av avlsrådets ledaer, Trude Lien. Det var kjekt å få sjå hundane, og vite litt om kvar og ein av dei.

  

 

På utstillinga søndag var det som det pleier, kåring av beste hund, Best in Show, Beste veteran, Beste oppdrattar og beste valp.  INT N DK UCH NV-17 Rugdelias VLV Lucius til Anne Grete Langeland. Kennel Rugdelia vart Best in Show og Kennel Rugdelia beste oppdrettar.

BIS Oppdrett: Kennel Rugdelia

Beste Veteran vart INT N SE UCH Skåtfjellets Azh Silva til Mette Eknes og Beste Valp vart Jægerkomapaniets BTL Tesla til Pål Svenheim.

BIS Veteran: INT N SE UCH Skåtfjellets Azh Silva, eigar Mette Eknes saman med dommar Václav Vlasák.
Pål Svenheim og Jægerkomapaniets BTL Tesla i fint driv. BIS valp.

Det var ekstra kjekt at alle våre tre rasar var representert på utstillinga. Strihåra Vorsteher Glesbygdens Ak Aimmie til Marius  Kjønsberg vart BIS2, mens lLanghåra vorsteher Langvassåsens Isco til  Alexander Gullesen vart BIS3.

BIS2

 

 

BIS3
BIS1 – 3 saman med dommar Václav Vlasák

Det var og kåring av  beste hund totalt på apport og utstilling i løpet av helga både i UK og AK. I UK Var det NV-17 NJV-17 DKJV-17 Rugdelias  ZAE Livia til Anne Grete Langeland som vann, og i AK var det Høgakollen’s Dingo til Øistein Strømme.

Øistein Strømme og Anne Grete Langeland med rosett og premie for beste hund samanlagt i henholdsvis AK og UK.

Store gratulasjonar til alle!

I Barn og hund-konkurransen var det mange flinke og sjarmerande ekvipasjar. Dommar var Kjersti Follesøy. Bildene under viser litt frå denne.

   

  

      

Gratulerer så masse til alle saman! Flott innsats!

Som ledar i Hordalands-gruppen vil eg gjerne takke alle som hjalp til, dei eg har med meg i styret, og dei som ikkje er i styret, men som har vore med og gjort ein utmerka jobb både i forkant, under og i etterkant av Landssamlinga.Det var mykje som skulle ordnast på kort tid.. Skaffe plass å vere, terreng til apporprøven, dommar, ringpersonell, premiar, kiosk, festmiddag, leige av skytebana, overnattingsplassar til tilreisande m.m. Det gjekk seg til, men hardt arbeid har det vore.

Me er ale glade for at det gjekk så fint, og at det såg ut som om deltakarar og dommarar trivdes og det er jo det som er poenget. Fleire resultat finn du nederst og fleire bilder vil bli lagt ut på vår Facebook-side NVK Hordaland.

Tusen tusen takk til dei som har sponsa oss: Amfi, Felleskjøpet, Hills og NonStop ved Mira Donovan, Sandviken Dyreklinikk og til alle kakebakarane våre. Mira hadde og bakt nokre flotte kaker til jubileumet og landssamlinga. Tusen takk, Mira!

Stilig Landssamlingskake frå Mira Donovan

Takk til Anne Linn Troland som har levert våre flotte jubileumskoppar og vasane til Best in Show.

Dei blide og dyktige veterinærane ved Sandviken Dyreklinikk.

    

Resultatliste Apportprøven:

UK:

Fønnebø’s Sisi (ES), Marie Helene Olsen, 1.UK

Rugdelias Zae Livia, Anne Grete Langeland, 2.UK

Rugdelias Zae Fønix, Frerdik Hoff: 3.UK

AK:

Hågakollens Dingo: 1.AK (30 poeng)

Skåtfjellets Bzt Tinn-Tellus, Sissel Bergesen: 1.AK 

Krokstøen’s Trico, Svein Tennebekk 1.AK

Vassfjärden’s Danja (Grosser Münsterländer, Ernst Evensen/Monica Rognheim: 2.AK

N UCH Siivo av Raisjav’ri, May Bardal/Ørjan Alm:  2.AK

Resultatliste skytekonkurransen:

  1. Hans Nordnæs
  2. Anders Lunde
  3. Kjell Stavedal

Resultatliste utstillinga:

Best in Show (BIS): KV Rugdelias VLV Lucius, Anne Grete Langeland

BIS2:  SV Glesbygdens Ak Aimmie , E: Marius  Kjønsberg, O: Hanna Holmberg

BIS3: LV Langvassåsens Isco, E: Alexander Gullesen, O: Liv- Jorunn Karlsen

BIS Veteran: Skåtfjellets Azh Silva, E: Mette Eknes, O: Tom Lilletvedt

BIS valp: Jægerkompaniets BTL Tesla, E: Pål Svenheim, O: Marie Wien

BIS2 valp: Vikafjellets Att Tira, E/O: Sissel Bergesen

Beste hund samanlagt apport + utstilling:

  • UK: Rugdelias ZAE Livia, Anne Grete Langeland
  • AK: Hågakollens Dingo, Øistein Strømme