Dette oppnådde dei på Os-prøve 2 lørdag 15.november.
Foto: VFK
Os-prøvane blir arrangert av Vestlandes Fuglehundklub (VFK) på høsten når rugdetrekket er og blir derfor også kalla rugdeprøvene.
På Os-prøve nr. 2 (Os2) fann KV Rugdelias ALA Selene til Anne Grete Langeland rugde både på fredagen og lørdagen med prima fuglearbeider begge dagane. På fredag vart arbeidet hennar premiert med 2AK Skog mens det på lørdagen vart ein heilt super 1AK Skog!!
På same prøve oppnådde kullsøster Rugdeliasa ALA Alva til Tommy og Anna Thommassen 2AK Skog.
Selene har fått sine CERT og CACIB på utstilling så denne 1AK-premiene medfører at krava til både Norsk, Svensk og Internasjonalt Championat no er oppfylt!
Selene er den første i kullet som blir Norsk Utstillings Champion, men antar det snart blir fleire. Av kullet på 13 er allereie 8 jaktpremierte og mange har supre resultat fra utstillingar.
Ekvipasjer som oppnår 1AK på Os1 eller OS2 er kvalifiserte til å stille i rugdepokalløpet som går på siste prøvedag av OS2. Selene og Anne Grete var dermed kvalifiserte til å delta der. Dessverre lykkast dei ikke der i år.
Me i NVK Vestland gratulerer Anne Grete Langeland og Rugdelias ALA Selene så masse med 1AK SKOG!! og Tommy og Anna Thommassen så masse med nok ein flott 2AK Skog på Rugdelias ALA Alva!






