Anne Grete Langeland fekk dermed svært god uttelling med sine to hundar på Norsk Vinnar utstillinga, Dogs for All, på Lillestrøm i helga.
DK JV-17 Rugdelias ZAE Livia vart beste junior, fekk sitt første CERT og blei Best i Rasen (BIR). Dermed fekk ho to nye titlar: Norsk Juniorvinner – 17 og Norsk Vinner – 17 ! På grunn av at ho stilte i juniorklassen kunne ho ikkje vere med å konkurrere om CACIB.
N DK INT UCh Rugdelias VLV Lucius ble beste hannhund og BIM og fekk dermed tittelen Norsk Vinnar – 17 (NV-17). Han fekk også CACIB.
Kennel Rugdelias fekk også Hederspremie i Oppdretterklasse. Der stilte dei med ZAE Fønix, ZAE Livia, UAF Maddi og VLV Lucius.
Det var 33 korthår med og største antall i GR 7. Livia blei med i ei finalegruppe på 6 i den store ringen, der det deltok 20 raser. Ho blei ikke plassert blant dei fire beste, men fekk sin finalepokal.
Anne Grete og hundane har hatt ein flott utstillingsturne dei to siste vekene som resulterte i heile 3 nye titlar på kvar av hundane, Lucius og Livia!
Hordalandsgruppen gratulerer så masse!!