På årsmøtet 19. april blir årets hundar for 2020 kåra.
For at dette skal bli tildelt dei rette hundane, er me avhengige av at medlemmene sjølv sender inn resultata dei har fått i løpet av året til oss. Me i styret har ikkje kapasitet til å leite opp alle dei ulike resultata.
På grunn av Corona har det blitt arrangert færre prøvar og utstillingar enn vanleg, men det er likevel nokre som har blitt gjennomført. Me har mange dyktige hundeførarar og hundar i Hordalandsgruppa og me vil gjerne få hedre desse.
Send inn resultata dine til Anne Karine Midtbø på email: annnekarine@gmail.com innan onsdag 14. april (absolutt siste frist!) for å bli med på kåringa av årets hundar i NVK Hordaland.
Pr. i dag, 11. april, er det kun Vibeke Dale Oen som har sendt inn resultata til hunden sin.
Me veit det er andre som har fått premiert hundane sine, så send inn så me får vist dei fram her på websida!
Det som må med er:
- Dato for prøven/utstillinga,
- Arrangør eller stad for utrstillinga,
- Fullt kennelnavn på hunden,
- Resultat
- Eigar av hunden.
- Bilde av hunden i liggande format helst (som vist på bildet øverst) om du har det.
Send til email: annnekarine@gmail.com (OBS! 3 n´ar i anne)
Siste frist: onsdag 14. april
Her finn de Årets hundar for 2019 saman med kriterier for å kunne bli Årets Hund i NVK Hordaland.