Årets hunder i NVK Vestland

Årets hunder i NVK Vestland

På årsmøtet 16. januar vart Årets hundar 2022 kåra.

For å kunne konkurrere om å få sin hund kåra til ein av årets hund-titlane i NVK Vestland må ein:

  • vere medlem i klubben
  • ha oppnådd tilstrekkeleg premiering på jaktprøver, apportprøver og utstillinger på hunden sin i løpet av kalenderåret ein  konkurrerer om årets hund-titlene i. Dei ulike titlane har ulike kriterier. Oversikt over desse finn ein under Årets Hundar på distriktets webside.
  • sende inn oversikt over resultata til oss

Dessverre er det altfor få som sender inn og dette kan medføre at hundar som har oppnådd tilstrekkeleg premiering ikkje blir med i vurderings om kven som blir årets hund i NVK Vestland. Me vil oppfordre alle som oppnår premiering på hunden sin om å sende dette inn til oss og dermed kunne bli med å konkurrere om ein av Årets Hund-titlane i 2023.

Årets hundar i 2022 vart:

Årets vorstehhund:

SV Pladsfjellets Mustang Sally til Trude Lien, oppdretta sv Terje Tørnblom og Trude Lien

Pladsfjellets Mustang Sally

og KV NUCH NJV-18 NordJV-18 Sølvrabbens Aaa Apollo eigd av Vibeke Dale Oen og oppdretta av Anne Mette Ruud Grue og Bjørn Grue.

Apollo blir BIS på Fellesutstilling Vest 2022. Apollo saman med eigar Vibeke Dale Oen og dommar Rune Tyvold

Mustang Sally har både 1AK og fleire 2AK og 3AK og er premiert på både skog, høgfjell og vinter. Ho ligg som nummer 3 i AK på NVC.
Ein annan av våre medlemmer, Robert Brenden, ligg på 2. plass i VK på NVC med sin Sognexpressen ́s Kzb Nikita.

Apollo har 1AK vinter og BIR og BIS på utstilling.
Årets Vorstehhund blir kåra etter Championatreglane. Desse ligg på distriktets webside under Årets Hundar.

Messalinas Vandrepokal:

KV Rugdeluas ÅLN Marcella til Tore Kallekleiv. Oppdretterar er Anne Grete Langeland og Tore Kallekleiv.

Marcella har Excellent, BIR, BIS, BIS2 og 2 x CERT på utstilling i tillegg til 1UK på jaktprøve og 1UK i apport.

Rugdelias ÅLN Marcella

Messalinas vandrepokal går til den hunden som har gjort det best på utstilling i løpet av året og i tillegg er jaktpremiert. Reglane for dette ligg også på distriktes webside under Årets Hundar.

Årets Unghund, Årets mest fremgangsrike, tidl. upremierte og Årets Allroundhund vart ikkje kåra på grunn av at det ikkje var nokre kvalifiserte av dei som hadde sendt inn sine resultat. Alle desse tre blir kåra utifrå NVC-reglane. Årets Allroundhund har i tllegg krav om premiering i minst 3 greiner der den eine vere apport. Mustang Sally mangla dessverre apportpremie, men hadde ellers krava til å bli Årets Allroundhund.

Pokalutdeler Anne Karine Midtbø saman med Anne Grete Langeland som tok imot for Tore Kallekleiv, Mira Donovan som tok imot for Vibeke Dale Oen og Trude Lien.

NVK Vestlands vandrepokal apport:

På vår årlege apportprøve på Askøy deler me ut pokal til beste hund i UK og AK på prøvens første dag.
I år var det følgande som vann desse:
Vandrepokal apport UK gjekk til debutanten KV Volelias Nelly til Øystein Svendsen og Vibeke Lund. Dei oppnådde forøvrig 1UK begge dagar på Askøy!
Vandrepokal apport AK gjekk til KV Kjølsets C-Nuuk til Anne Karine Midtbø.

Kriterier for å vinne denne er høgast poengsum på prøvens første dag og yngste hund vinn ved lik poengsum. Eigar må være medlem i NVK Vestland.

NVK Vestland gratulerer alle så masse!