Då er årsmøtet i NVK Vestland vel gjennomført og nytt styret valgt.
I forkant av årsmøtet var det foredrag om skadeforebygging av hund ved Benedicte Moene Bødtker. Benedicte driv Dynamisk Dyrehelse i Fyllingsdalen og har lang erfaring med trening av hund. Det var eit motivert og interesser publikum som kom og Benedicte forklarte levande og flott. Ein del spørsmål frå salen vart det så det var tydeleg at temaet fenga. Det hadde vore plass til fleire, men me som var der fekk mange gode tips til korleis ta vare på hunden vår og forbetre jaktprestasjonane og utholdenheten. Me vil takke Benedicte så masse og håpar me kan samarbeide meir med henne i framtida.
Etter foredraget var det tid for kaffi og kaker. Anne Karine, Kari og Lizabeth hadde laga knallgode kaker og pizzasnurrer og Børge sørgde for kaffi, te, brus og bollar. Med god mat innabords var det tid for årsmøte. Referat frå i fjor, årsmelding og regnskapet vart gått gjennom og godkjendt. Det var ingen innkomne saker, men me gjekk gjennom planane for aktiviteter for året. Så var det tid for valg. Dette tok valgkomitéen ved Børge Follesøy seg av. Ledar, Mette Eknes, tok ikkje gjenvalg som ledar og vart takka av for innsatsen av nestledar, Anne Karine Haug Midtbø.
Ny ledar vart Mira Sofie Donovan. Nærmare presentasjon av henne kjem i eigen artikkel.
Resten av styret tok gjenvalg og Mette Eknes går inn som varamedlem med mellom anna fortsatt ansvar for websida.
Det nye styret er dermed:
Leder: Mira Sofie Donovan
Nestleder: Anne Karine Haug Midtbø
Styremedlem: Anne Grete Langeland
Styremedlem: Kjersti Follesøy
Styremedlem: Kari Jenny Skålevik
Varamedlem/webansvarleg: Mette Eknes
Revisor: Richard Koester
Vararevisor: Stian Grøtte
Valgkomité:
Endre Gunnar Bergesen
Børge Follesøy
Lorenzo Wiese Hansen