Det vart litt av ein debut for Henrik og hans Felix på Vestlandets Fuglehundfestival 1. juni.
Henrik Bjørndal og dommer Jan Roger Sauge. Foto: VFK
Henrik Bjørndal har sin første fuglehund, KV Rugdelias ALA Felix, som blir 2 år 29. juni.
Verken hunden eller eigaren hadde deltatt på utstilling før, så dei var nok litt spente då dei møtte opp på Myrbø søndag 1. juni.
På lørdagen hadde dei fått ein gjennomgang av kva som skjer på ei utstilling og intensiv trening på kva ein må kunne og korleis gjere det hos oppdretter Anne Grete Langeland. Dette var nok svært nyttig fordi då det var tid for å gå inn i ringen og vise fram sin hund, gjekk det svært bra. Felix viste seg flott og fekk super kritikk:
Snart 2 år gammel flott hannhund av meget god type. Meget godt hode. Bra hals. Fine vinkler både framme og bak. Meget god overlinje. Beveger seg stilfullt rundt ringen. Kropp med fine linjer. Bra pels og hud. Trivelig helhet. Velvist.
Resultatet vart excellent, CK, 1BHK og Best I Rasen (BIR).
Spenninga var stor då det var tid for BIS der alle rasevinnarane skulle konkurrere om å vinne heile utstillinga og dermed bli Best In Show (BIS). Igjen førte Henrik sin flotte hund nydeleg i ringen og etter ein spennande BIS-finale, sto dei igjen som vinnarar!! Utruleg flott jobba og litt av ein debut!!
Me håpar dette gav meirsmak og at me får sjå meir til Henrik og Felix i utstillingsringen framover, og kanskje på jaktprøve, óg. Felix har i tillegg til det flotte tustillingsresultatet, 1UK apport. Det blir spennande å følgje Henrik og hans hund vidare framover.
Me er imponerte og gratulerer Henrik så masse!!