BIS2 til Apollo!

BIS2 til Apollo!

Det gjekk svært bra for Vibeke og Apollo på Vestlandets Fuglehund Festival forrige helga.

På lørdagen, 25. mai, fekk  Nord-JV 18, NJV-18 Sølvrabbens Aaa Apollo Excellent med CK i bruksklassen, sitt første CERT og vart beste hannhund.

2.beste hannhund vart Suldølen’s Aes Meister til Kyrre Haugen. Han er også jaktpremiert og fekk dermed resCERT.  Apollo vann kampen om å bli den beste av beste tispe og beste hann og dermed vart han kåra til Best I Rasen (BIR).

DKJV-17 NJV-17 NV-17-18 Zae Livia vart Best I Motsatt kjønn (BIM).

I finaleringen gjekk Apollo nesten heilt til topps ved å bli nr. 2 ( 2.Best In Show (2BIS)) !!

BIR og BIM KV, lørdag, VOFF2019. Dommar: Vidar Grundetjern
Foto: Georg Kayser

På søndagen, 26. mai,  fekk Apollo også Excellent, CK og sitt andre CERT. Han vart best av alle hannhundane men slått av tispa han som slo dagen før, nemleg Rugdelias Zae Livia, og dermed vart det Best I Motsatt kjønn (BIM).

No manglar dei kun 1 CERT til og ein 1AK på jaktprøve så er Apollo Norsk Utstillings Champion. Lykke til vidare og med å oppnå dette!

Oppdrettar til Apolla er Anne Mette Ruud Grue og Bjørn Grue.

Me gratulerer Vibeke og Apollo og hans oppdrettar så masse!!

Resten av resultata for våre rasar, finn de her: