Flotte start på vintersesongen for Hordalandshundar

Flotte start på vintersesongen for Hordalandshundar

Vinterprøvesesongen har starta over all forventing for våre medlemmar.

Det starta helga 23.-25. Februar der Terje Tørnblom og hans unghund Pladsfjellets Fryd ei flott helg som resulterte i 1UK på lørdagen og 2UK på søndagen.

Fryd er frå Terjes eige oppdrett og hadde sin prøvedebut på Gaularfjellet.

Les Terjes rapport frå prøvedebuten til Fryd her.

På Filefjell 16. Mars slo Skåfjellets Bzt Tella til Tom Lilletvedt til med 4VK i kvalifiseringa og var dermed klar for finalen dagen etter.

Robert Brenden kom til finalen med to hundar: N UCH Tiurjegerens Solo av Sognexpressen  som oppnådde 1VK kvalifisering og Sognexpressen’s Kzb Nikita som gjekk vidare på søk.

Tiurjegerens Solo av Sognexpressen

 

Guriskogens Bsa Panzer til Bjørn Årskaug kom og til finalen. Dessverre vart det ingen premiar på våre medlemmars hundar i finalen.

I tillegg til desse har Kyrre Haugen oppnådd 2UK på Hallingprøven (9.-12.mars) med Suldølens AES Meister.

Ein flott start på vintersesongen. Gratulerer så masse alle saman!