Fryd og Teo til Derby

Fryd og Teo til Derby

I helga deltar Terje Tørnblom med Kjell Stavedal med henholdsvis Pladsfjellet Fryd og Pladsfjellets Teo i Norsk Derby på Kongsvold.

Det er i alt 9 vorstehere som er kvalifiserte og 2 av desse kjem altså frå Hordaland! For å kunne delta i Norsk Derby må hunden ha oppnådd 1uk på jaktprøve og vere under 2 år når Derby arrangerast.

Pladsfjellets Teo fekk sin velfortente 1UK etter ei flott helg i Raggsteindalen. Kjell og hans Teo fekk premie alle tre dagane prøven varte og det er ikkje kvardagskost.

Kullsøster Pladsfjellets Fryd har og sanka masse gode premieringar på prøver. Ho og eigar og oppdrettar Terje Tørnblom har 1UK både frå Gaularfjell og Mjølfjell i vinter.

Me er imponerte og stolte og ønsker all mulig lykke til på Kongsvold!!