Gode resultat på NKK Bergen

Gode resultat på NKK Bergen

7.-8. april var det NKK-utstilling på Bønes, Bergen.

Denne gongen var det Nordisk utstilling og ein kunne dele ut Nordiske cert til hundar som dommar fann gode nok til dette.

Nordiske cert fra Norge og dei øvrige nordiske landa vil danne grunnlaget for nytt nordisk utstillingschampionat «Nordic UCH». Som ei overgangsordning vil det i 2018 og 2019 vere mulig å oppnå både nåværande nordiske utstillingschampionat (NORD UCH) og Nordic UCH. Les meir om reglane på nkk.no

To av hundane som stilte fekk utdelt Nordic Cert og to fekk resNordic Cert.

NV-17 NJV-17 DKJV-17 Rugdelias Zae Livia og INT N DK UCH NV-17 Rugdelias VLV Lucius vart BIR og BIM og fekk begge Nordic Cert. Livia fekk og norsk Cert.

Rugdelias Uaf Conventina til Marianne Sagstad vart 2. beste tispe bak Livia og fekk resNordic Cert og resCERT.

Hågakollens Dingo til Øistein Strømme vart 2. beste hannhund og fekk CERT og resNordic Cert.

Hågakollens Dingo

Supre resultat og me gratulerer alle så masse!!