På NKK utstillinga i Bergen 7. april gjorde Anne Grete Langeland og KV Livia det skarpt.
Foto: NKK
NV-17, -18 NJV-17 DKJV-17 Rugdelias ZAE Livia vann først rasen ved å bli BIR.
I store ringen konkurrerete ho deretter mot dei andre ståande fuglehundane som hadde vunne sine rasar. Ho viste seg flott fram og vart utpeikt til vinnar av gruppe 7: Ståande Fuglehundar. Ho slo dermed hundar som har gjort det svært godt før og ligg høgt på Bamselista.
Dommer var Martin Johansson frå Sverige.
Me gratulerer Anne Grete og Livia så masse!