Mange flotte premiar på Mjølfjell

Mange flotte premiar på Mjølfjell

Helga 26.- 28. april arrangerte Vestlandets Fuglehundklubb sin tradisjonsrike Mjølfjellsprøve.

Det var lite snø, så på enkelte parti måtte ein gå med fjelldtøvlar istadenfor ski. For vorstehrasane vart det ei flott helg. Heile 5 premieringar vart det til våre medlemmars hundar.

På fredagen gjorde Kyrre Haugen og hans Suldølen´s AES Meister det godt og det resulterte i ein fin 2AK!

Lørdagen vart det nye premiar til dei gode kullsøkenene frå PLadsfjellet:

Både Pladsfjellst Fryd til Terje Tørnblom og Pladsfjellets Teo til Kjell Stavedal fekk 2AK!!

Pladsfjellets Teo vart og premiert søndagen. Då vart det ein 3AK.

Debutanten Sølvrabbens Aaa Apollo til Vibeke Dale Oen hadde ei fin oppleving med sin flotte 2UK!!

Me gratulerer alle så masse!!