Då har me hatt både ordinært årsmøte og ekstraordinært årsmøte og nytt styre er no på plass.
Tirsdag 16. januar vart det avholdt ekstraordinært årsmøte i NVK Hordaland. Det kom bra med folk og stemningen var god. Nytt styret vart valgt, og samansetningen på dette er no slik:
Distriktsrepresentant/ledar: Mette Eknes
Styremedlem: Ole Torrissen
Styremedlem: Øistein Strømme
Styremedlem: Kjersti Follesøy
Styremedlem: Anne Karine Midtbø
Styremedlem: Kari Skålevik
Varamedlem: Terje Tørnblom
På det ordinære årsmøtet i desember, vart det sett ned ein komite som skulle komme fram til ulike aktivitetar klubben kan arrangere. Dette for å få opp samholdet og entusiasmen i klubben framover. Ole Torrissen la fram dei mange og flotte forslaga som komiteen hadde komme fram til. Blant forslaga var medlemsmøter, aktivitetar for å få med fleire unge, kurs og faste månadlege treff.
Den kommande Landssamlinga som NVK Hordaland skal stå for i mai i år, vart og via plass på medlemsmøtet. Anne Grete Langeland informerte meir om denne.
Folk virka motiverte for å få til gode aktivitetar framover og ei god Landssamling, så dette satsar me på å få til!