I år vart Årsmøtet 2023 avholdt 16. januar heime hos Mira Sofie Donovan.
Det var god stemning på møtet og ekstra kjekt at det kom nokre nye medlemmer. Møtet starta med at alle sa litt om seg sjølv og si hundeerfaring og styreerrfaring slik at alle vart litt betre kjendt. Det vart servert kjempegode kaker bakt av våre medlemmer og både vanleg kaffi og cappucino vart servert til.

Det var god stemning og sjølve årsmøtet kunne starte. Innkallinga vart godkjendt og ein av dei nye vart valgt til referent, Jotz Jacobsen. Han var så effektiv at referatet vart ferdig skrive ut og underskrive ved møtets slutt. Veldig bra jobba!
Referatet frå i fjor og årsmeldinga vart lest opp og godkjendte og Mira gjekk gjennom regnskapet som også vart godkjendt. Klubben fekk gode skussmål frå revisor Richard Koester som meinte klubben var veldriven og hadde god og ordna økonomi.
Det var ei innkommen sak og denne var frå styret og gjaldt kriteriene for Årets Hunder. Saka vart stemt over og godkjendt og dermed blir setningen: «Ved poenglikhet, vinn yngste hund» innlemma i kriteriene for Årets hundar og dermed blir dette gjeldande for 2023.
I år vart 2 hundar kåra som Årets Vorstehhund på grunn av dette kriteriet ikkje var der.
Utkast til aktivitetsplan vart gjennomgått. Vår apporprøve på Askøy blir i år 24.-25. juni og det er planlagt apporttreningar og forhåpentlegvis kurs i forkant av denne. Saueaversjonskurs er planlagde i mai/juni og august og ellers kunne me tenkt oss nokre lavterskeltilbud som t.d. fellestur, litt kvardagslydighetstrening, kurs i ulike hundesporter o.l. Treningssamling står også på ønskelista.
Det nye styret som vart valgt er:
Leder: Mira Sofie Donovan, gjenvalg, 1 år
Nestleder: Anne Karine Midtbø, 1 år igjen
Kasserer: Øistein Strømme, gjenvalg 2 år
Styremedlem: Kjersti Follesøy, gjenvalg 2 år (prøveleder Askøyprøven)
Styremedlem: Anne Grete Langeland, 1 år igjen
Styremedlem: Kari Skålevik, 1 år igjen
Varamedlen: Mette Eknes, gjenvalg, 2 år (webredaktør)
Revisor vart Richard Koester (1 år) og vararevisor Stian Grøtte (1 år).
Ny valgkomité vart:
Børge Follesøy, 1 år igjen
Endre Gunnar Bergesen, 2 år igjen
Janki Christiansen Pedersen, ny, 3 år
Årets hundar vart delt ut og kven desse er står i egen artikkel her på websida.
Etter årsmøtet tok styret eit kort styremøte for å konstituere seg mens resten av medlemmane fekk i oppgåve å finne ut kva aktivitetar dei kunne bidra med. Dette var vellukka og det vart foreslått både skytekvelder, trening av hund i fjellet i vårt nærområde m.m. Jotz Jacobsen jobbar vidare for å få til skytekvelder og Janki Christiansen Pedersen tok på seg ansvar for å få til trenngsdag/ treningsamling i nærområdet. Veldig flott at nye medlemmer vil vere med å bidra til meir aktivitet i klubben vår. Det set me stor pris på. Når aktivitetatane er planlagd ferdig blir det lagt ut meir info på facebook og websida.