Resultat frå dag 2 på Askøyprøven

Resultat frå dag 2 på Askøyprøven

Dag to på Askøyprøven starta med grått vær og regn.

Det var innimellom ganske kraftige byger, men både deltakarar, hjelparar og dommarar var like blide likevel. Prøven vart gjennomført som dag 1 ved at halvparten av UK-hundane starta på vann og halvparten på søk. Då desse var ferdig bedømte, gjorde ein tilsvarande for AK – hundane. I lunsjpausen var det premieutdeling for UK – hundane og det var svært gledeleg at alle som deltok i denne klassen vart premierte!

Både i forkant av apportprøven, og under arrangementet, solgte me lodd til inntekt til klubben. Desse vart trekt etter premieutdelinga i UK og me var heldige og hadde fått mange flotte gevinstar frå Hills, Midtun Zoo, Åsane og vår samarbeidspartnar Sandviken Dyreklinikk. Dette er me svært takknemlig for og takker så masse for!! Kari Skålevik, som var ansvarleg for utlodninga, hadde i tillegg laga flotte nett med nydeleg broderte motiv på.

Flotte nett laga av Kari Skålevik
Hundeseng frå Hills

Etter utlodninga, var de klart for spor for AK -hundane som hadde gått vidare til dette. Denne dagen var det heile 12 ekvipasjar som var kvalifiserte og av desse vart 9 premierte.

Det var mange og flotte prestasjonar av hundane både i UK og AK.

Beste hund i UK vart KV Øvstebuas Dra Era til Steinar Søiland med 1.UK og 20 poeng!

Steinar Søiland og Era.
Blide, dyktige dommarar, Anders Lunde og Eigil Haug.

I AK var det 2 ekvipasjar som utmerka seg spesielt. Det var KV Øvstebuas Crf Bris med sin førar Steinar Søiland og Øistein Strømme med sin KV Hågakollen’s Dingo. Desse gjorde perfekte arbeid både på søk – apport, vannapport  og spor og dermed oppnådde dei begge 1.AK med 30 poeng!!

Steinar Søiland og Bris

På grunn av at Søiland sin hund er yngst, var det den som vart dagens beste hund.

Øistein og Dingo

Det var to hundar som tok apportbevis. Dette var Marthe Rasmussen med KV Marko og Trond Erik Andersen med ES Skaididalenś Flora Burn.

Fullstendig premieliste vart slik:

1 UK:

  • Dagens Beste hund:  

KV Øvstebuas Dra Era, eier Steinar Søiland, 20 poeng

  • Breton Tinderypen’s F John Wesley Hardin, eier Olaf Hafstad, 19 poeng

2 UK:

  • IS «US» Zuni, eier Eirik Sande, 16 poeng
  • KV Skåtfjellets DTL Sala Palmer, eier Tommy Bjerke, 14 poeng
  • KV Stjärnbergets Abl Ross, eier Solfrid Nerhus, 14 poeng
Tommy Bjerke med Sala, Jan André Forsberg Hannes med Ross (Ludvig) og Steinar Søiland med Era.

1. AK:

  • Dagens Beste hund:
    KV Øvstebuas Crf Bris, eier Steinar Søiland, 30 poeng
  • KV Hågakollen’s Dingo, eier Øistein Strømme, 30 poeng
  • SV Pladsfjellets Vår, eier Terje Tørnblom, 29 poeng
  • KV Stallogaisa’s BB Bure, eier Anne Karine Midtbø, 28 poeng
1.AK – premierte saman med dommarane

2. AK:

  • KV Vikafjellet’s Att Tira, eier Sissel Bergesen, 27 poeng
  • KV Skåtfjellets Bzt Tinn Tellus, eier Sissel Bergesen, 27 poeng
  • IS Endelausmarka’s Arja, eier Arnstein Haugen, 26 poeng
  • IS Endelausmarka’s Ole Einar, eier Arnstein Haugen, 24 poeng

3. AK:

  • KV Rugdelias VLV Lucius, eier Anne Grete Langeland, 24 poeng
Sissel Bergsen med Tira og Tinn-Tellus, Anne Grete Langeland med Lucius saman med dommarane Eigil Haug og Anders Lunde.

 

NVK Hordaland gratulerer alle så masse!!!