Då er første dag av Askøyprøven gjennomført.
Det vart eit flott og varmt vær og god stemning blandt både deltakarar, dommarar og hjelparar.
I år var det 41 hundar påmeldt totalt lørdag og søndag og det var mange fine prestasjonar å sjå. Ekstra kjekt var det at det deltok ein ekvipasje frå Rogaland i år. Me er svært glade for at Anders Lunde og Eigil Haug sa ja til å dømme i år. Dette gjorde dei på ein glimrande måte. Før lunsj vart søk og vann gjennomført for alle hundane og etter lunsj var det tid for spor for dei 8 AK – hundane som kom vidare til dette.
I UK vart 5 av 6 hundar premierte og i AK vart det 7 premierte.
Dagens beste hund i UK vart Breton Tinderypen’s F John Wesley Hardin til Olaf Hafstad. Det vart full pott og dermed 20 poeng!
V
inner av NVK Hordalands Vandrepokal
vart Korthåra Vorstehhund Stallogaisa’s BB Bure, eier Anne Karine Midtbø med 28 poeng og 1.AK (sjå bildet øverst).
- Breton Tinderypen’s F John Wesley Hardin, eier Olaf Hafstad, 20 poeng (Dagens beste UK-hund)
- KV Øvstebuas Dra Era, eier Steinar Søiland, 20 poeng
- KV Stjärnbergets Abl Ross, eier Solfrid Nerhus, 16 poeng (Vinner av NVK Hordalands Vandrepokal)
- KV Skåtfjellets DTL Sala Palmer, eier Tommy Bjerke, 15 poeng
- IS «US» Zuni, eier Eirik Sande, 15 poeng
- KV Øvstebuas Crf Bris, eier Steinar Søiland, 29 poeng (Dagens beste AK-Hund)
- KV Stallogaisa’s BB Bure, eier Anne Karine Midtbø, 28 poeng (Vinner av NVK Hordalands Vandrepokal)
- KV Hågakollen’s Dingo, eier Øistein Strømme, 27 poeng
- KV Rugdelias Szg Lady Zerena, eier Nathalie Lizabeth Skålevik Myhre, 27 poeng (ført av Jan André Forsberg Hennes)
- IS Endelausmarka’s Ole Einar, eier Arnstein Haugen, 27 poeng
- KV Sølvrabbens Aaa Apollo, eier Vibeke Dale Oen, 26 poeng
- KV Vikafjellet’s Att Tira, eier Sissel Bergesen, 25 poeng
NVK Hordaland gratulerer alle så masse!
Me er svært takknemlege for å bli sponsa av Hills ved Mira Donovan. Dei gav oss både fórpremiar og gevinstar til utlodnniga. Vår gode samarbeidspartner, Sandviken Dyreklinikk, gav oss også premiar til utlodninga vår på søndagen. Tusen takk for dette!